Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival 2010
Verdas største skiskyttarrenn ser seg nøyd til å setje eit ”tak” på antal deltakarar på festivalen.
Antalet vil vere 1000 deltakarar i 2010.
Dette gjer me for å kvalitetssikre alle ledd i arrangementet – at ungane vert i sentrum!
Deltakarrekorden frå 2009 er på 975 løparar, og me håper sjølvsagt at me ikkje treng og avvise nokon.
Påmeldinga vil skje etter ”fyrste-mann-til-mølla” – prinsippet. Og dersom ein når 1000 deltakarar før påmeldingsperioden går ut, vil arrangøren umiddelbart stengje for vidare påmelding.
Påmeldingsperiode:
01. februar –
11. april.
Viktig info ang. ODLO-stafetten, fredag 16.04.:
Odlo-stafetten er ein klubbstafett.
Det vil si at lag som er påmeldt i klassane G/J 11-12 og 13-16, skal kun ha løparar
som er medlem i same klubb. Dessutan skal laga vere reine gute- eller jentelag.
I mix-klassane derimot, er det tilbod for alle variantar. Her kan ein nemleg
mixe både kjønn og klubbar. Det kan eksempelvis vere reine gute- eller
jentelag med løparar frå ulike klubbar, eller både gutar og jenter på eitt
og same lag - anten frå same klubb eller frå ulike klubbar. (Når det gjeld rangering
på resultatlista i mix-klassane, viser me til nettsida vår.)
I
klassen 11-12 år er det ok å nytte berre 12-åringar. I klassane 13-16 år og
mix 13-16 år, skal den samla alderen på laget ikkje overskride 45 år
(konkurransealder).
Påmelding
til stafetten gjer klubbansvarleg via link til Palisoft på nettsida vår.
Desse
retningslinene handlar om fair play, og me ber om at alle respekterer dette!
(Arrangøren har høve til å endre klasse før start på lag som er meldt på "feil".)
Helsing
frå Ål Skiskyttarlag
- Arnstein Sørbøen, rennleiar -
Kontaktpersonar:
Rennleiar:
Arnstein Sørbøen (Mob.
971 85 435
E-post: asoerboe@online.no
)
Påmeldingsansvarleg:
Erling Hagen
(Mob. 991 55 150
E-post: erling_hag1@hotmail.com
)