Velkomen til skileik og idrettsskule!

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb ynskjer alle velkomne til ein ny skisesong! Skileiken går over 8 torsdagar og fyrste skileik vert 19. januar. Me satsar på gode forhold for ski på Sjusete i år som i fjor.

Me opnar no for påmelding til skileik. Frist for påmelding er 12.01 til e-post: ingunnmo@hotmail.com. Skriv fullt namn, fødselsdato, namn på foreldre, e-post og mobil på føresette. Du finn meir info i vedlagte 2017_Invitasjon til skileik.

I 2017 startar Kvam LSK opp ei heilårleg allsidig idrettskule for born i alderen 7-12 år. Gjennom året har skulen varierte aktviteter som langrenn, alpint, skeiser, friidrett, rulleski, basistrening, terrengsykling, orientering, kajakkpadling, klatring, fjellturar med meir!

For dei som melder seg på idrettskulen så inngår skileiken i årsplanen for idrettskulen. Frist for påmelding: snarast og seinast innan 12. januar til e-post: kvamlsk@hotmail.com. Meir info om idrettskulen i vedlagte skriv!