Treffande serieavslutting!

Isak Botnen er klar til å legge i vei! Rennleiar Mirjam Gravdal, tidtakar Jostein Auganæs og startarane Marita Skåre og Tom Rasmussen føl godt med.

Finalen i serierenn i skiskyting og Kvammameisterskap samla 18 deltakarar i ettermiddag på Sjusete. Her var det frisk satsing i løypene, kontrollerte avtrekk på standplass og ikke minst god stemning i kaféen etter på. Der var det premiering over en lav sko til flinke løparar. Vandrepokalar frå Botnen Entreprenør og Per Augestad for beste skyteresulat 13 år og eldre gjekk til Ingvild Lilletveit Kvåle og Anders Aalvik Stranden. Me gratulerer alle med strålande innsats!

Torje Laupsa Mo og Eskild Høen Mo verk etter å kome i gong! Frede Gravdal og Eigil Hildonen Teigland føl og godt med!

Henrik Mo Seljebotn og Vinjar Voster er ôg klare!

Trym Gauteplass Skår og Asgaut Laupsa Mo på start

Vilde Lunde Aalvik, Mari Børve Rasmussen og Ingvild Lilletveit Kvåle er er flott jentegjeng på Sjusete

Thea Øymo Mælen og Hedda Høen Mo gler seg til å kome i gong!

Hanna Børve er klar!

Anders Aalvik Stranden og Tor Børve Rasmussen var dei sist startande

Flotte vandrepokalar til Anders Aalvik Stranden og Ingvild Lilletveit Kvåle

«Gutta Boys» har fått seg flotte og velfortente premiar!

Blide jenter!