To klassesigrar under Osterøyrennet på rulleski!

Frå venstre: Ingrid Brattabø, Sondre Brattabø, Teodor Pedersen og Tobias Pedersen

Sundag 20. august deltok fire frå Kvam LSK på rulleskirenn fellesstart i friteknikk på Osterøy.

Sondre Brattabø og Teodor G. Pedersen kniva begge om pallplassar i G13-klassen gjennom 4 km der Sondre enda på 2.plass og Teodor på delt 3. plass. I klassen for jenter 15 år vant Ingrid Brattabø overlegent i den 7,5 km lange løypen der ho også heldt 3 jenter i klassen J16 og ein junior bak seg. Tobias G. Pedersen gjekk også 7,5 km i klassen for gutar 16 år og var raskest av alle deltakarane på denne distansen og vart 1:20 før neste i si klasse i mål.

Framifrå innsats frå alle saman!

Resultatliste