Krinsamling avslutta med Stordrennet

    Sondre Brattabø i farta!

I helga har Sondre Brattabø og Tobias G. Pedersen delteke på krinssamling i langrenn på Stord. Dei har fått trent blant anna styrke, rulleski klassisk og skøyting, motbakkeløp og langtur springing.

Det var også sosialt og kjekt 🙂

Sundagen vart avslutta med Stordrennet i fristil der Sondre kom på 2.plass i klassen for gutar 13 år, mens Tobias fullførte til 5.plass i klassen for gutar 16 år. Flott innsats av begge to!

Resultat

Begge var einige om at det var kjekt på samling sjølv om kroppen var rimeleg sleten på ferjo heim igjen!

Neste krinssamling i langrenn er 15-17. september på Voss for årskulla 2002-2006. Alle aktuelle medlemmer i Kvam LSK kan delta gratis på samling i haust 🙂 Bli med!

Det er nytt krinsrenn i rulleski fristil allereie torsdag 7. september i Bergen. Bli med og prøv siste del av tempoløypa til sykkel-VM!

Premieutdeling i klassen gutar 13 år.

Heile klassen for gutar 16 år samla.