Kvam LSK med flott innsats under NM i Rulleskiskyting

 

Nøgde skiskyttarar!
Frå venstre: Kristin Sande og Malin Auganæs Bergtun

23-24. september arranger Sirdal NM i rulleskiskyting. Sprint og fellesstart stod på programmet og Kvam LSK stilte med 3 deltakarar.

På sprinten enda Erling Aalvik på ein flott 6.plass bak store namn som Vetle Sjåstad Christiansen Johannes Thingnes Bø, Erlend Øvereng Bjøntegaard, Tarjei Bø og Lars Helge Birkeland. Kristin Sande og Malin Auganæs Bergtun konkurrerer denne sesongen i same klasse kvinner (20-21 år) og på sprinten enda dei på henholdvis 7. og 9.plass. Gode prestasjonar av alle 3.

På fellesstarten sundag vart litt bomming for Erling på dei to siste skytingane og han enda til slutt på 13.plass. Malin skaut godt enda på ein flott 4.plass med berre 3 bom. Kristin bomma også på 3 skot, men hadde ikkje heilt same farten i sporet som Malin og enda på 10.plass.

Resultat for begge dagar

Erling Aalvik er alltid blid 🙂