Klassesiger og gode plasseringar i Vargarrennet 7/11

Frå venstre: Gaute Øymo Mælen, Jonas Hauger og Ingrid Brattbø. (Foto: Kjersti Brattabø)

Sundag 7. januar arrangerte Vargar IL renn i fristil i Voss Ski- og tursenter i tett snøvér. Kvam LSK deltok med 10 utøvarar i alderen 7-16 år!

Ingrid Brattabø som vann krinscupen førre sesong har hittil i denne sesongen ein siger og ein andreplass. På sundag fulgte ho opp med ein ny siger i klassen for jenter 15 år.

Kvam LSK fekk fleire gode plasseringar med Ådne Kjosås (4. plass G11), Jarand Valland Tveit (4. plass G12), Sondre Brattabø (3. plass G13), Teodor Græsdal Pedersen (14. plass G13), Gaute Øymo Mælen (5. plass G15), Jonas Hauger (6. plass G15) og Tobias Græsdal Pedersen (7. plass G16).

Elles deltok også syskena Eirik (G10) og Kristin Brattabø (J8) i dei yngre klassane utan rangering.

Flott innsats av alle saman!

Resultatliste