Medlems- og foreldrekveld 13.februar

Kvam LSK held i vinter gratis medlems- og foreldrekveldar for alle medlemmer i klubben samt foreldre til ungar som delteke på klubbens aktiviteter.Fyrste medlemskveld er tysdag 23. januar der det er gliding av ski som står på programmet. Me tar for oss heilt basic glidprepping av ski! Dette passer bra for alle som ikkje har vore borti gliding før og alle som føler dei ikkje få dette heilt til. Gliding av ski må gjerast innimellom for både skøyteski, smørjeski til klassisk og smørjefrie/felleski.

Klubben har vorte sponsa med ei ny produktserie som forenkler arbeidet med glid vesentleg, og dei som ynskjer får prøve dette produktet denne kvelden.

Presentasjon gliding av ski

Andre medlemskveld er tysdag 30. januar der det er feste på klassisk ski som står på programmet. Me tar for oss heilt basic prosess for å smørje med festevoks og klister! Dette passer bra for alle som ikkje har vore borti festesmurning tidligare og alle som føler dei ikkje få dette heilt til.
Arrangementet på Facebook

Tredje medlemskveld er tysdag 13. februar der behandling av felleski står på programmet. Me tek for oss korleis ein prepper og vedlikeheld felleski. Desse ski må stundom vedlikehaldast både i glidsonen og i fellen.

Klubben har vorte sponsa med ei ny produktserie forenkler arbeidet med glid vesentleg, og dei som ynskjer får prøve dette produktet denne kvelden.
Arrangementet på Facebook

Siste og fjerde medlemskveld er tysdag 13. mars der gode skiopplevingar for alle ungar står i fokus. Me går igjennom foreldrevettreglar og korleis ein vert gode idrettsforeldre!
Arrangementet på Facebook

Me held til i skistova kvar medlemskveld kl. 19:15-20:00.

Me ynskjer gjerne at de «deltek» på facebookarrangement slik at me veit kor mange som kjem.