Noregscup i skiskyting på Lygna!

Malin Auganæs Bergtun etter sigeren! (Foto: Kristin K. Gjøsæter)

6-7. januar vart det arrangert Noregscup i skiskyting for junior og senior på Lygna på Hadeland. Kvam LSK deltok med 5 utøvarar!

Beste plassering hadde Malin Auganæs Bergtun med siger under laurdagens normaldistanse for Kvinner 20-21 år 26 sekund føre sine Kvelvane frå Voss. Gratulerer! Kristin Sande kom på ein flott 9. plass i same klasse. Sindre Gjøsæter hadde ikkje dagen på standplass med berre 8 treff på 20 skot, noko som gav 41. plass i klassen for Menn 19 år. Eirin Tufteland og Hanna Børve hadde heller ikkje dagen på standplass med berre 11 treff begge to, noko som resulterte i 65.plass for Eirin i klassen for Kvinner 18-19 år og 20. plass Hanna i klassen for kvinner 17 år.

Resultatliste

Premieutdeling i klassen for Kvinner 20-21 år med Kvam LSK toppen av pallen! (Foto: Kristin K. Gjøsæter)

Under sundagens sprint fulgte Malin opp med ein 4.plass berre 18 sekund bak pallen. Sindre låg på ein 9. plass inn til ståande skyting, men med 4 bom falt han eit stykke bak og enda til slutt på 19. plass. Eirin fekk da ikkje til å stemme på standplass denne dagen heller og enda på 66.plass med 6 bom på 10 skot. Hanna gjekk ut frå liggjande skyting på 9. plass, men 3 bom på ståande vart den den gode farten i sporet som gjorde at ho klarte ho å halde plasseringa i mål. Bra jobba!

Resultatliste