Me treng fleire i basarnemda!

Den årlege Kvam LSK basaren har vore utsett denne sesongen og me har framleis ikkje gløymt den! For å få arrangert basar opprettast det på kvart årsmøte ei basarnemd, men grunna at fleire har trekt seg frå nemda av ulike gyldige årsakar så har me utsett denne.

Kvart år gir denne klubben inntekter i storleiken 80000-100000 kr som er naudsynte for å fortsetja å gi eit godt aktivitetstilbod i framtida. For å gjennomføra basar trengs det ein gjeng som arbeider med dette over ei viss tid og nemda treng no 2-3 stk. som meldar seg til teneste i basarnemda så raskt som råd for at me skal få gjennomført basar denne sesongen.

Er du sporty og vert med? Ta kontakt med styret på e-post kvamlsk@hotmail.com om du kan hjelpe til!