NM junior og NC senior skiskyting!

Erling Aalvik med siger under fredagens fellesstart!

2-4. februar arrangerast det NM junior og Noregscup senior i skiskyting på Simostranda. Kvam LSK deltek med 6 utøvarar.

Under fredagens fellestart vann Erling Aalvik seniorklassen for menn, mens Malin Auganæs Bergtun tok NM-sølv i klassen for kvinner 20-21 år! Elles havna Sindre Gjøsæter på 17.plass i klassen for menn 19 år, Kristin Sande på 12.plass i klassen for kvinner 20-21 år og Eirin Tufteland på 29.plass i klassen for kvinner 18 år noko som er hennar beste plassering på nasjonalt nivå.

Malin Auganæs Bergtun nøgd etter 2.plass i NM fellesstart!

Under laurdagens sprint enda Erling Aalvik på 5.plass berre 5 sekund bak pallen. 20-åringen Kristin Sande enda på 5.plass i klassen for kvinner 20-21 år, mens 21-åringen Malin Auganæs Bergtun hadde ikkje heilt dagen og enda på 16.plass i same klasse. Hanna Børve enda på ei flott 9.plass i klassen kvinner 17 år med 48 startande. Sindre Gjøsæter hadde ikkje dagen på standplass med 6 bom og enda på 43.plass i klassen for menn 19 år. Eirin Tufteland hadde også ein dårlig dag på standplass med 7 bom og enda på 38.plass i klassen for kvinner 18 år.

Resultatlister

Eirin Tufteland i farta på NM fellesstart