To gutar på Ungdommenns Holmenkollrenn

Sondre Brattabø på veg inn til mål i «Kollen»!

3-4. februar vart det tradisjonsrike Ungdommens Holmenkollrenn arrangert i nasjonalanlegget for ski. To gutar frå Kvam LSK deltok.

Laurdag deltok Sondre Brattabø i 3 km klassisk i klassen for gutar 13 år. Sondre gjekk eit veldig godt renn og enda på delt 21.plass av 198 deltakarar, og med dette resultatet vart han nestbeste hordalending.

Sundag stod 3 km fristil på programmet og Sondre fekk også denne dagen til eit godt renn og enda på 36.plass av 206 startande i klassen for gutar 13 år. I same klasse deltok også Teodor Græsdal Pedersen og han enda på 169.plass. Flott innsats av sprek Kvam LSK ungdom!

Resultatlister

Teodor Græsdal Pedersen i farta!