Langrenn i Bergen!

Ingrid Brattabø var nøgd etter siger i klassiskrennet!

I helga har ei knippe Kvam LSK`arar vore på renn i Bergen. Totland har denne vinteren hatt gode snøtilhøve og Fanarennet og Vikingrennet kunne for ein gongs skuld arrangerast i Bergen. Kvam LSK stilte med 4 deltakarar denne helga. Laurdag arrangerte Fana IL klassiskrenn i snøvèr rundt 0 grader som gjorde da hektisk for smørjarane, men dei fleste av klubbens utøvarar traff godt med skia. Syskena Brattabø likar seg i klassisk stil der Sondre vant overlegent i klassen for gutar 13 år og Ingrid vant klassen for jenter 15 år sjølv med eit fall. Gratulerer!

Tobias Græsdal Pedersen gikk sesongen beste distanserenn noko som gav 4.plass i den sterke klassen for gutar 16 år. Ingmar Leigland Njaa bomma med valet av smørjing og fekk da trått i sporet i klassen for menn 19/20 år.

Resultatliste

Sundag arrangerte TIF Viking distanserenn i fristil under flotte forhold. Syskena Brattabø hamna på pallen denne dagen også. Ingrid berre eit sekund bak vinnaren, mens Sondre enda på 3.plass berre 18 sekund bak vinnaren. Tobias enda også denne dagen på 4.plass, men tidsdifferansen fram til dei beste var han ikkje nøgd med.

Ei artig gjeng i G16-klassen. Tobias Græsdal Pedersen nr.3 bak frå venstre!

Resultatliste