Serierenn i sprintlangrenn

Bli med på serierenn i langrenn måndag 12. februar. Denne kvelden står sprint på programmet der me tester ut den nye sprintløypa som skal nyttast i Kvammasprinten neste helg 🙂 Alle til og meg 10 år går berre 0,7 prolog, men dei eldre går prolog og finaler på 1 km (11-14 år) og 1,5 km (15 år og eldre). Dette vert fart og spenning!

Under dette serierennet vert da litt omrokkering på program:

– Dei eldste startar fyrst då dei skal gå finaler

– Alle fødd i 2007 og eldre skal gå med startnr i tøy som dei får utdelt i sekreteriatet.

– Henting av startnr i sekreteriatet og eventuelt etterpåmelding (ikkje gått serierenn tidligare) må gjerast innan kl.1745!

– Dei yngste startar klassesvis cirka kl.1830 med startnr dei har frå tidligare.

– Mellomheat for 15 år og eldre går så snart heat er satt opp (etter dei yngste klassane er ferdig med si prolog)

– Finaler for 11-14 år går straks etter mellomheat for dei eldste.