Skiskyttarhelg på Vossl

Artig på skiskyttarrenn. Frå venstre: Hans Rykkje, Asgaut Laupsa Mo, Frede Gravdal og Eskil Høen Mo

Hedda Høen Mo ned siger på laurdag!

I helga arrangerte Voss Skiskyttarlag Gla`laks cup nr.7 og 8 i fylkesanlegget Voss ski- og tursenter. Frå Kvam LSK hadde 9 utøvarar teke turen.Laurdag var det renn i normalprogram der Hedda Høen Mo imponerte med siger i klassen for jenter 12 år mot 7 andre skiskyttarjenter! I klassen gutar 11 år vart det utfordrande for alle på standplass og Frede Gravdal kom seg inn til ein fin 3.plass!

Ander Aalvik Stranden skaut 3 bom noko som berre heldt til 4.plass i klassen for gutar 16 år. Trym Gauteplass Skår fekk da ikkje heilt til på standplass med 5 bom og enda på 6.plass i klassen for gutar 13 år. Asgaut Laupsa Mo gjekk eit bra renn, men med ein bom meir enn dei beste i klassen for gutar 12 år enda han på 4.plass. Eirin Tufteland gjekk i klassen for kvinner 18 år og måtte igjennom fire skytingar og med 4 bom meir enn vinnaren (berre to deltakar fullførte) vart det 2.plass.

Frede Gravdal var godt nøgd med 3.plass!

Elles deltok Hans Rykkje, Eskil Høen Mo og Torje Laupsa Mo i nybyrjarklassen for gutar 10 år eller yngre. Eskil skaut fullt hus, Torje gjekk raskt i sporet og debutanten Hans på krinsrenn kom seg flott igjennom skytinga og løypa!

Glade guttar i nybyrjarklassen! Frå venste: Torje Laupsa Mo, Eskil Høen Mo og Hans Rykkje.

Resultatliste

Sundag stod sprint på programmet og det var godt med vind i anlegget! I nybyrjarklassen deltok Eskil og Torje denne dagen også og dei skaut begge to fullt hus og hadde god fart i sporet. Bra jobba!

Anders hadde ei betre dag sundag og enda på ei delt 2.plass berre 15 sekund bak vinnar Eirik Hjartnes. Eirin hadde ikkje fullt trøkk i sporet denne dagen og enda på 4.plass. Hedda og Asgaut hadde ikkje same treffsikkerheit denne dagen og enda begge to på 5.plass i sine klassar.

Resultatliste

Fleire bilete: