Kvam LSK på Herresåsen rundt!

Teodor Græsdal Pedersen (nr.11), Sondre Brattabø (nr.60) og Ingrid Brattabø (nr.58) klar til start! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Sundag 4. mars arrangerte Vargar IL det tradisjonsrike turrennet Herresåsen rundt på Voss ski- og tursenter. Frå Kvam LSK hadde 5 stk. teke turen i finavéret. Klassane 13-16 år gjekk 7,5 km klassisk, mens 17 år og eldre gjekk 27 km klassisk. I klassen for gutar 13-14 år deltok Sondre Brattabø og Teodor Græsdal Pedersen og dei enda på høvevis 3. og 11.plass. Ingrid Brattabø gjekk inn til 2.plass i klassen for jenter 15-16 år. 16-åringen Tobias Græsdal Pedersen hadde meldt seg på den lange distansen i klassen menn 17-18 år og enda på 4.plass. I klassen for menn 71-75 år vann Per Øyvind Tveiten. Flott innsats av alle saman!

Resultatliste

Tobias Græsdal Pedersen! (Foto: Lisbeth Alvær)

Fleire bilete:

Premieutdeling i klassen gutar 13-14 år! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Premieutdeling i klassen jenter 15-16 år! (Foto: Thor-Arvid Pedersen)