Klassesiger i Ulvikarennet!

Sondre Brattabø tidligare i år i Holmenkollen (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Sundag 11. mars arrangerte Ulvik IL krinsrenn i klassisk stil på Drevtjørn tur- og skisenter. Kvam LSK stilte med 5 utøvarar.

I klassen for gutar 13 år stilte Sondre Brattabø og Teodor Græsdal Pedersen. Etter 3 km individuell start drog Sondre i land sigeren 19 sekund før andremann og Teodor enda på 8.plass 1:16 bak klubbkompisen. Sondre ligg på andreplass i krinscupen og tok i dette rennet innpå 7 poeng på leiaren og ligg no 19 poeng bak før finalen i Tour de Hardanger til helga.

I klassane 8-10 år utan rangering deltok Kristin Brattabø (J8), Eirik Brattabø (G10) og Askil Huse (G10). Alle tre hadde upåklageleg innsats og kom i mål med gode tider.

Resultatliste