Skiskyting på Lontjørn i Odda!

Nøgde Kvam LSK’arar i nybyrjarklassen! Frå venstre: Hans Rykkje, Eskil Høen Mo og Torje Laupsa Mo. (Foto: Silje Laupsa Mo)

Laurdag 17. mars arrangerte Odda IL krinsrenn i skiskyting normalprogram på Lontjørn skiskytterstadion på Seljestad. Kvam LSK deltok med 7 utøvarar i alderen 9-16 år.

Anders Aalvik Stranden gjorde seg med bemerka i dei eldre klassane med ein 2.plass i klassen for gutar 16 år. Elles deltok Trym Gauteplass Skår (G13), Hedda Høen Mo (J12) og Asgaut Laupsa Mo (G12). I nybyrjarklassen for gutar 10 år og yngre deltok Torje Laupsa Mo, Hans Rykkje og Eskil Høen Mo. Flott innsats av alle saman!

Anders Aalvik Stranden på 2. plass i klassen for gutar 16 år. (Foto: Nils Eivind Stranden)

Resultatliste