Løypepreparering i april!

I april vert lysløypa og Kjosåsløypa preparert ettermiddager til skitreningar tysdagar og torsdagar. Dersom vêret er bra vil heile løypenettet verta preparert til helgar også. Me held oss til denne planen ut april om det er nok snø!