Kvam LSK på Liatoppen skiskytterfestival

11 utøvarar og støtteapparat var i helga på Bendit skiskytterfestival på Liatoppen (ÅL). Der utøvarane fekk prøva seg mot skiskyttarar frå heile landet. Til og med frå Frankrike, Sverige, Tyskland og Polen i enkelte klassar. Arrangementet er det største i sitt slag med 1100 skiskyttarar frå nybyrjarar i 10 års klassen (født i 08 og 09) og opp til og med 16 år.

Fredagen hadde me eit lag i gutar 13-16år  (Anders Aalvik Stranden, Øyvind Hildonen-Teigland og Trym Gauteplass Skår) i Larsen stafetten som havna på 51 plass av 65 lag.

Og eit lag i Mix 11 og 12 år (Hedda Høen Mo, Frede Gravdal og Asgaut Laupsa Mo) 15 plass av 25 lag

Isak Botnen gjekk på lag med gutar frå andre klubbar i gutar 11-12 år

Nybyrjarane gjekk fredag og laurdag og fekk vist at sjølv om Kvam er ein liten klubb så bit me frå oss. Dei vert ikkje rangerte, men viste til mykje god skyting og god fart i sporet. Til og med omtale på livekamera som svært raske skyttarar og gutar ein kjem til å sjå meir til framover. Stas for både utøvarar og støtteapparat. Jakob Aarekol Botnen, Viljar Botnen, Eskil Høen Mo og Torje Laupsa Mo er nybyrjarar me er stolte av.

Laurdag var det ny dag med topp innsats i løypa og på standplass, men ikkje alle følte dei fekk like god utteljing.. Her deltok Frede Gravdal, Eigil Hildonen Teigland, Isak Botnen, Asgaut Laupsa Mo, Hedda Høen Mo, Øyvind Hildonen Teigland, Trym Gauteplass Skår og Anders Aalvik Stranden.

I mål vart dei tekne imot av Tarjei Bø og Ole Einar Bjørndalen, noko som var stor stas.

Sundag merka både utøvarar og støtteapparat  at det hadde vore ei hektisk helg. Likevel kom Trym nokre hakk høgare sundagen enn laurdag, og den mest nøgde var Øyvind som gjorde eit godt byks oppover resultatlista.

Utøvarane hadde ikkje kome langt over målstreken før dei var byrja og planlegge neste års skiskyttarfestival.

For trass lange dagar, og resultat som kunne vore betre så har ein det mest kjekt. Det er kjekt å reisa på tur ilag. Både vaksne, ungdomar og born har det sosialt, backar kvarandre opp både på oppturar og nedturar.

Utøvarane kjenner blodsmaken og ligg strødd i målområdet. Heiagjengen heiar seg hes. Støtteapparat (som består av foreldre og søsken) stiller som smørjeteam, pakkesel, taxi og kokk. På festivalområdet vankar det skiskyttarstjerner som velvillig deler ut autografar. Sponsorar som deler ut bl.a godteri, det er laserskyting og ein kan få tak i det meste ein skiskytter treng (og ikkje treng)

Fredag kveld var det premieshow i ferieparken der Eirik Ulltang var og viste fram sykkelkunstar. Ole Einar Bjørndalen, Tarjei Bø, Sven Fischer og smørjaren til Bjørndalen viste fram sine kunnskaper i laserskyting. Laurdagen var det premieshow i Ål kulturhus der skiskyttarstjernene delte ut premiane.

Resultatlister

Alle var enige om at det var ein flott festival. Me gler oss til neste år.

Fleire bilete: