Torefjell opp 2018 – To uhøgtidlege klubbløp

Onsdag 20.juni arrangerer Kvam LSK det  6. klubb- og motbakkeløpet Torefjell opp.

Dette er eit uhøgtidleg klubbløp for medlemmer i Kvam LSK (både ungar og vaksne) der me startar ved skihytta kl.1745 (løypestrasé vedlagt). Møt opp seinast kl.1730 slik at me får registrert alle startande. Det vert også ein kort trase utan tidtaking for dei som ikkje ynskjer å gå til toppen. Denne har målpunkt på «flaten» ved høgspentmastane.

Andre fjellgeiter som ikkje er medlem er også velkomen til å delta :-). Men de er ikkje omfatta av klubbens idrettsforsikring og deltek på eige ansvar!

NB! Makstid for tidtaking til toppen er 75 min., så ein må vera oppe innan kl.1900!

Når ein kjem ned att til skihytta er det bollar, saft og kaffi til alle.

Om dei fleste vaksne som blir med seier så på facebook-arrangement på førehand, så veit me kor mykje bollar me må ha 🙂 – https://www.facebook.com/events/1811549489148780/

Elles skal alle aktive ungar i klubben vore invitert via Spond og me ynskjer svar der om dei deltek. (Er dei ikkje invitert på Spond så går det fint å møta kl.1730 og melda seg på)

Hugs å ta med drikke og ekstra klær!

Rekordar: Joanna Valland 42:56 og Erlend Drivenes 32:48

Nytt av året er at me også arrangerer eit likt løp etter somarferien så folk kan få testa formen etter ferien. Dette løpet vert onsdag 22. august.

Velkomen til begge motbakkeløpa!