Aktiviteter/arrangement i haust

Sommaren er definitivt over og Kvam LSK sine tradisjonelle haustaktiviteter kjem på løpende band 🙂

Først ut er terrengløp onsdag 19. september i lysløypa på Sjusete. Dette er eit uhøgtidleg løp for medlemmer (ungar i alle aldre og vaksne) i Kvam LSK der nyttar den delen av lysløypa som ikkje asfaltert. Me startar ovanfor skihytta kl.1815. Møt opp seinast kl.1800 slik at me får registrert alle startande. Det vert ulike traséar utifrå alder der me startar puljevis. Tidtaking frå og med 2009.

– 2010 og yngre løper en kort runde på 800 m
– 2008-2009 løper to korte runder
– 2006-2007 løper 2,5 km
– 2005 og eldre løper 4 km

Alle medlemmer er hjarteleg velkomen til å delta uansett alder!

Allereie måndag 25. september kjem neste godbit på Sjusete med rulleskirenn. Dette vert eit reint rulleskirenn i fristil for medlemmer i Kvam LSK fødd i 2009 og eldre i asfaltløypa på Sjusete. Start kl.1815. Møt opp seinast kl.1800 slik at me får registrert alle startande. Det vert ulike traséar utifrå alder med individuell start. (Dei som ikkje har eigne rulleski får låne dette under rennet. Ta med hjelm, stavar og skisko)

Måndag 15. Oktober er det skiskyttarane sin tur med rulleskiskyting på Sjusete. Rennet er for medlemmer i Kvam LSK fødd i 2009 og eldre i asfaltløypa på Sjusete. Innskyting kl.1730-1800 og rennstart kl.1815. Påmelding seinast kl.1800 slik at me får registrert alle startande. Det vert ulike traséar utifrå alder med individuell start. (Dei som ikkje har eigne rulleski får låne dette under rennet. Ta med hjelm, stavar og skisko)

I 2018 er det tradisjonsrike Kvam LSK basaren tilbake sundag 28. Oktober. Stad er som vanleg kantina på Kvam Vidaregående skule i Øystese og basaren startar kl.16:30. Me kan lokka med mange flotte vinstar, ein røynd basør, kaffi og goa kake. I det heile – dette vert ei fin og sosial tidtrøyte. Vel møtt!

I 2018 starta me opp med bytedag for skiutstyr og skiklede, og sundag 18. november kl.17:00 gjentar me suksessen. Då har du moglegheit til å byta, selja og kjøpe brukt skiutstyr og skiklede! (Gjeld både langrenn og alpint!) Har du brukt utstyr som andre kan ha glede av, bør du ta turen for å selge dette. Dette er eit viktig arrangement for å dempa utstyrsjaget innan skisporten som stadig vert omtalt i media. Kvar einskild står sjølv ansvarleg for salet. Kvam LSK stiller med lokale, bord, storleikstabellar og utstyr for prising.

Tysdag 20. november vert da klubbkveld hjå vår trofaste samarbeidspartnar Mo Sport kl.18-20. Klubbkveld for alle medlemar i Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb med gode tilbod. Mo Sport vil ha skiutstyr til eigne klubbprisar denne kvelden, samt at dei i år gir 25 % rabatt på alle ordinære varer i butikken. Så her er det lurt å planleggja sesongen innkjøp og julegåver 🙂

NB! Dæhlie klubbklede vil ha eigen bestillingsperiode i oktober for at me skal vera sikra varene før jul. Det kjem eigen info om dette.

Laurdag 8. desember vert da som ifjor heimesamling på Sjusete for alle medlemer fødd i 2001-2010. Me håpar på gode snøtilhøve på Sjusete, men om det ikkje skulle vera skitilhøve flyttar med samlinga til ein plass med snø. Det vert eigen økt for skiskyttarane/langrennsløparane, samt ein fellesøkt. Det vert servert både lunsj og middag i skistova. Meir info om program kjem etterkvart.

Alle arrangementa over er gratis for medlemer å delta på, men sjølvsagt må du ein ut med nokre kroner om ein handler på bytedagen eller klubbkvelden 🙂