ER DU DEN RETTE FOR OSS – ME TRENG TIDTAKARAR OG SPEAKER?


Kvam LSK ynskjer fleire engasjerte tidtakarar og ein eller fleire speakarar!

Viss du kan bak-fram på ein data og likar å telje sekundar, så egnar du deg som tidtakar. Likar du derimot limerick som Carlsen, så er du den fødde speaker. Du vil få god opplæring, halda deg varm og tørr under renna, og sjølvsagt plenty med godsaker frå vår kafè om du vil jobba i tidtakarbua på Sjusete 🙂

Det er snakk om kring 12 renn vinterstid og 3-4 renn/laup vår og haust. Me ynskjer å rekrettera fleire slik at ein kan dele på oppgåvene gjennom sesongen. Kvam LSK nyttar tidtakingssystemet EQ-timing og leverandøren av systemet vil koma å halde opplæring. Me vil ha oppløring allereie i starten av oktober. Arbeidet vert løna.

Nysgjerrig? Interessert? Ta kontakt med leiar i styret Thor-Arvid H. Pedersen på tlf 932 04 417 eller send oss ein e-post til kvamlsk@hotmail.com så får du vite meir.