Prøv og bestill klubbklede no!

Mo Sport har no fått inn prøvekolleksjon for våre klubbklede! Det vert i år berre mogleg å prøva og å bestille nye klubbklede hjå Mo Sport i perioden 26. september til og med 4. oktober. I vedlegget ligg oversikt over årets klubbklede og prisar.

Samla bestilling må sendast til leverandørene seinast måndag 15. Oktober for at me skal vera sikra levering av kleda i god tid før jul. DÆHLIE er utstyrsleverandør på treningsklede, medan Bergans er leverandør på ytterjakkane. Me vonar klubbkolleksjonen fell i smak!

Elles vert det som tidligare år arrangert klubbkveld på Mo Sport tysdag 20. november der dei vil ha spesialtilbod på ski og skiutstyr, samt gode rabatter på heile butikken. MEN, det er viktig å hugse på at toget for bestilling av klubbklede går no i oktober. Meir info om klubbkvelden kjem når det nærmar seg.

Informasjon om og prisar på klubbkolleksjonen