Loddsal og vår tradisjonelle basar!

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb er no i gong med sal på bok til vår årlege basar sundag 28. oktober. Me er tilstades på Spar og Rema 1000 i Norheimsund, Tunet i  Øystese og Coop Ålvik. Vi har i år mange flotte vinstar på bok, så her seier vi berre løp og kjøp!

Det er berre til å møta sundag 28. oktober kl. 16:30 i kantina på Øystese Gymnas. Her vert da 3 runder med åresal og der ein kan vinne premier for over kr. 20.000,-. Bokpremier vert også trekte på basaren, men det vert også mogleg å kjøpe lodd under sjølve basaren!

Det vert sjølvsagt i god tradisjon servert kakar, kaffi og saft 🙂

For å gi oss ein peikepinn på kor mange som kjem hadde vi satt pris på om de merka av «deltek» under basaren sitt facebook-arrangement via lenkja – https://www.facebook.com/events/586796808421474

Bilete frå tidligare års basar: