Årskort Sjusete – Løp og kjøp

Nytt løype- og parkeringskort på Sjusete skisenter frå og med 1.november!

Ved kjøp av årskort får du brøyta parkering og flotte løyper i eit nydeleg terreng som ligg klare til bruk både sommar og vinter. Her finn du konkurranseløyper, skiskyttaranlegg, lysløype og nypreparerte turløyper heile vintersesongen. Sommarstid kan du nytta rulleskibanen, 3 km grusa trimløype og flotte turstiar.

Årskort er no klar for sal!

Prisar for løype- og parkering 2019 er:
Årskort             kr. 1.000,- (tidsrom 1.11 – 31.10)
Dagskort          kr.     75,-  (tidsrom 1.11 – 30.04)
Dagskort          kr.     40,-  (tidsrom 1.5 – 31.10)

Det er Sjusete Skisenter og Kvam LSK som har opparbeida, utvikla og driftar parkeringsplassen og løypenettet inklusiv den nye rulleskiløypa og 3 km tur-/joggeløypa. Me jobbar mykje dugnad for å dekkja utgiftane til drift, utbygging og til aktivitet, men me er heilt avhengig av inntekter frå sal av løype- og parkeringskort for å oppretthalde tilbodet. Difor vonar me om at alle har ei positiv haldning til avgifta – sommar som vinter.

NB! Betalingsautomat ved starten av P-plassen

Betal med kort og kjøp løype- og parkeringskort i automaten som er plassert med ein gong du kjem inn på parkeringa på Sjusete. Laminert løype- og parkeringskortet kan hentast mot kvittering frå automat hjå Mo Sport, Kvam Elektro eller i kafèen i Skistova i opningstida. Årskort eller kvittering for dagsparkering leggast godt synleg i frontruta på bilen for kontroll.

La kong vinter koma  !