Sjusete Skisenter utviklar seg!

Det nye langhuset er på plass, her har me fått på plass bord og benker sponsa av LingaLaks, GBS, Kvammabygg, Botnen og Kvam Kraftverk. I tillegg har Mo Sport sponsa oss med smørebord og smørejern. Me har også kjøpt inn ei bålpanne som er til almenn nytte.

Ny reklame vegg er satt opp då den gamle var utslitt, her har me pela ned nye stolpar og heva skilta slik at dei skal visa godt sjølv med mykje snø.

Skytebanen: Begynnar og ta form, nytt isolert bygg med toalett er komt på plass, toaletta vil vera oppe og gå iløpet av sommaren 19. Betong overbygg med tribune blir klart til vinteren. Her blir da god utsikt til både standplass/skiver og heile 1 km løypa.

Nytt renseanlegg for vann klosett er bestilt og arbeidet er igangsatt, målet er og ha nye toalett oppe og går i løpet av sommaren 19 både på skytebanen og i skihytta, det betyr siste vinteren med «utedo» og forhåpentlig vis kvitt floger på do om sommaren.

Området rundt hytta vil bli drenert og steinsett/grusa og samme framfor langhuset, dette vil gjera det triveligare om sommaren.