Ein god gjeng på Samnangerrennet!

Sundag 20. februar tok 16 utøvarar turen over Kvamskogen for å gå Samnangerrennet i Totræna vinterpark.

Det særs gledeleg at så mange i dei yngre klassane vart med 🙂 Der deltok Line Bergan Øvsthus, Ylva Huse, Ronja Måkestad, Jørgen Måkestad, Tomas Græsdal Pedersen, Lukas Utskot, Hans Rykkje og Jakob Aarekol Botnen. Flott innsats av alle saman!

I klassane med tidtaking deltok Askil Huse og Emma Elida Langesæter Bjørkvall i klassen for 11 år og enda på høvevis 9. og 7. plass. Ådne Kjosås og Øyvind Huse Vik deltok i 12 årsklassen ser Ådne tok delt klassesiger og Øyvind enda på 5.plass. I 14-årsklassen deltok Teodor Græsdal Pedersen og Magnar Sebastian Mo. Teodor kom på 8. plass, mens Magnar kom på 10. plass. Jonas Hauger enda på 4.plass i 16-årsklassen, mens Tobias Græsdal Pedersen måtte bryte i 17-årsklassen. Bra jobba!

Resultatliste

Fleire bilete :