Vellukka Torefjellsrenn!

Sander Høgenæs Laupsa blid etter målgang med medalje rundt halsen! (Foto: Svein Valland Laupsa)

Laurdag 23. februar inviterte Kvam Langrenn- Skiskyttarklubb til det tradisjonsrike turrennet Torefjellsrennet.

Torefjellsrennet vart arrangert med øvingar for heile familien. Årets nyvinning var Hardhausen, eit 31 km langt klassiskrenn der heile løyesystemet på Sjusete vart teken i bruk. Siste vekas ekstreme mildvér hadde tært mye på skiforholda, så den planlagte langrensscrossen vart erstatt med ordinær skiløype. Snøforholda gjorde også at Kjosåsløypa berre kunne nyttast til klassisk, så fristilrennet vart gjennomført i 1-4 rundar i lysløypa avhenhig av klasse.

Starten på Hardhausen! (Foto: Teodor G. Pedersen)

Raskast i den 31 km lange klassiskløypa var Matias Oppedal frå Fana IL med tida 1:31:38, mens raskaste kvinne var Anne Lise Leiren Mastervik frå Osterøy IL med tida 2:23:42. Totalt deltok 24 stk. i dette nye rennet og alle var nøgde og samde om at rennet levde opp til namnet 🙂

Samla felt ut på første runden i fristilrennet! (Thor-Arvid H. Pedersen)

I det 20 km lange fristilrennet var Kristian Skjeldal frå Bulken raskast med tida 49:51, mens raskaste kvinne var junioren Eivor Vestrheim Skjerven frå Bulken IL med tida 56:48. Klassane 13-16 år gjekk 10 km der dei raskaste var 16-åringane Kolbein Olavson Klette frå Viljar IL og Viking TIF, begge med tida 27:37. Klassane 11-12 år gjekk 5 km der Markus Aas frå Voss IL var raskast med tida 17:48. Raskaste jente på 5 km var Maria Ringheim Ohnstad frå Ørnar IL med tida 19:54.

John Skei ved målgang i trimklassen! (Foto: Thor-Arvid H. Pedersen)

For dei som ikkje ynskte å gå på tid vart det mogleg å delta i trimklassen 10 km der 11 stk. i alle aldrar deltok!

Mange spente born klare til start i bornerennet. Sparebanken Vest maskotane Sparegrisen og Godteguri var startarar! (Foto: Thor-Arvid H. Pedersen)

Born 10 år og yngre starta i 3 ulike fellesstartar med ulike distansar; 2-5 år 0,5 km, 6-8 år 1,3 km og 9-10 år 1,8 km. Totalt deltok 40 born!

Takk til alle rennfunksjonærar på renna som bidrog til at dette arrangementet vart ein suksess! Takk til løypekøyrarane som fekk til fine tross uvanleg mykje snøsmelting, og ikkje minst ein spesiell takk til alle som hjalp til å fylle på med snø i Kjosåsløypa dagen før!

Me takkar også kafegjengen, dodamo, parkeringsvaktene og jentene som stilte opp i maskotkostymer!

Resultat- og deltakarlister

Fleire bilete:

Fotografar: Thor-Arvid H. Pedersen, Teodor G. Pedersen, Tove G. Pedersen, Helene Leigland Njaa og Svein Valland Laupsa.