NM Junior i langrenn!

Frå venstre: Tobias G. Pedersen og Ingmar L. Njaa (Foto: Thor-Arvid H. Pedersen)

8-10. mars vart NM i langrenn for junior arrangert i Savalen. To gutar frå Kvam LSK deltok på distanserenn og stafett.

Fredagen stod 10 km klassisk distanserenn på programmet. Grunna sterk vind vart rennet utsett i 2 timer, men vart gjennomført under greie forhold i harde løyper. Tobias Græsdal Pedersen enda på 150. plass i klassen for menn 17 år, mens Ingmar Leigland Njaa enda på 112. plass.

Laurdagen var det duka for fristil. Tobias gjekk 10 km og enda på 111. plass. Ingmar gjekk 20 km og enda på 124. plass.

Sundag gjekk begge to åpningsetappe på kvar sitt stafettlag for Hordaland skikrins.

Resultatlister alle dagar

Ingmar L. Njaa på start! (Foto: Thor-Arvid H. Pedersen)

Tobias G. Pedersen klar for stafett! (Foto: Thor-Arvid H. Pedersen)

Tobias G. Pedersen på veg til veksling på stafetten for Hordaland sitt 5. lag. (Foto: Thor-Arvid H. Pedersen)

Ingmar L. Njaa på veg inn til veksling for Hordaland sitt 2. lag. (Foto: Thor-Arvid H. Pedersen)