Dugnad på sykkelrittet «Bergen-Voss»

Laurdag 1. juni 2019 vart årets sykkelritt «Bergen-Voss» gjennomført. Også i år stilte Kvam langrenn- og skiskyttarklubb (Kvam LSK) opp for å ha ansvar for matstasjonen på haldeplassen i Norheimsund. Dette er ei god inntektskjelde for klubben.

Sykkelrittet hadde i år ca 1700 påmeldte, men kun 1050
deltakarar stilte på startstreken. Dårleg vær kan nok ha mykje av skulda.
Likevel var det jevnt og trutt med deltakarar innom matstasjonen. Dei fyrste
kom ca kl. 09.30, mens storinnrykket var mellom kl. 10.30 og 11.30. Kl. 13.00
var sistemann innom og fekk seg ein matbit på vegen mot Voss.

Kvam LSK hadde
50 dugnadsarbeidarar i sving denne helga. Oppgåvene starta allereie i forkant
av dugnaden. Detaljar skulle planleggjast saman med Bergen cykleklubb. Det vart
sendt ut dugnadslister, telt vart rigga opp og det elektriske anlegget vart
montert.

På laurdagen var det vaffelsteiking, påsmørjing av skjever, kaffikoking og blanding av sportdrikkevatn. Alt dette vart delt ut til fornøyde sykkelryttarar. I tillegg vart alt rigga ned då arrangementet var over.

Det kan
nevnast at det blant anna vart delt ut ca 400 liter varm saft, og 1600 vafler
vart steikt.

Kvam LSK ynskjer å takka alle som velvillig stilte opp denne helga for å få gjennomført dugnaden!

Torgrim Skår (t.v.), Jan Tore Tveit og Frode Måkestad var blant mange som stilte velvillig opp for å få gjennomført dugnaden