Torefjell Opp 21. august 2019

Onsdag 21. august vart sesongens andre «Torefjell Opp» arrangert. Dette er eit motbakkeløp der ein spring ca 750 høgdemeter frå Sjusete og opp til Torefjell. Sesongens fyrste løp vart arrangert i juni. Løpet vert arrangert av Kvam langrenn- og skiskyttarklubb.

Fyrstemann opp til toppen var Amund Leiren. Han kom i mål på tida 37 minuttar og 25 sekundar. Yngste løpar var Jakob Aarekol Botnen (9 år) som kom i mål på tida 48:07.

Totalt var det 9 deltakarar. Samtlige kom i mål på under timen.

Link til resultatlista (Excelformat) ligg under bildene.

Samtlige deltakarar klare til start klokka 17.45

Jakob Aarekol Botnen

Amund Leiren

Oddmund Soldal

Håkon Andersen

Einar Opsanger

Trond Håkon Olsen

Torild Kveberg

Trond Inge Brakestad

Olav Kreken