Rulleskikurs på Sjusete

Søndag 22. september 2019 arrangerte Kvam langrenn- og skiskyttarklubb kurs i bruk av rulleski for store og små.

12 gutar og jenter stilte opp, der yngstemann var 6 år. Nokre hadde rulleski sjølv, mens dei som ikkje hadde fekk låne av klubben.

Instruktør var Tove Andersen frå Oslo skikrets / Norges skiforbund. Ho laga til eit godt opplegg med fine øvelsar som var tilpassa alle sitt nivå.

Anlegget på Sjusete er flott til bruk av rulleski. Dersom nokon ynskjer å prøve rulleski er det berre å ta kontakt med klubben for utlån. Klubben har liggjande rulleski for både born og vaksne.

Instruktør Tove Andersen orienterer om øvelsane ein skal gjennom

Deltakarane var gjennom blant anna øvelsar som gjekk på balanse og teknikk

Nokre av øvelsane var slalomkjøring utan stavar

Instruktør Tove Andersen fekk eplemost frå Spildegarden, pannebånd og skistropper frå klubben som takk for innsatsen.