Ynskjer du klubbgensar?

Kvam langrenn- og skiskyttarklubb har fått nye klubbgensarar. Dersom medlemmer av klubben ynskjer å kjøpa gensaren er det mogleg å bestille fram til 28. juni. Takka vera gode samarbeidspartnarar sel me gensaren til medlemmer for kr. 50 i barnestørrelsane 110-120, 130-140 og 150-160. For voksenstørrelse kostar den for medlemmer kr. 80, og her kan ein velje i størrelsane XS – XXL. For å bestille sender du ein epost til kvamlsk@hotmail.com

Her er styret i Kvam langrenn- og skiskyttarklubb med dei nye klubbgensarane.
Framme frå venstre: Svein Valland Laupsa (sport/langrenn), Olav Kreken (skrivar), Jan Tore Tveit (leiar Sjusete skisenter).
Bak frå venstre: Tore Dolvik (kasserar), Silje Laupsa Mo (nestleiar og sport/skiskyting), Sverre Lindøy (leiar Kvam LSK) og Frode Måkestad (idrettsskulen).

Resultater Torefjell Opp, juni 2019

Onsdag 19. juni stilte 26 glade fjelltrimmarar til start i årets første Torefjell Opp. Raskast av alle var Endre Berg Leiren. Han kom i mål på tida 36.21. Yngste deltakar var Synneva Laupsa Mo (8 år). Resultater frå løpet ligg nederst i artikkelen.

Ny sjanse til å prøve seg vert onsdag 21. august. Då går årets andre Torefjell Opp av stabelen.

Endre Berg Leiren (t.h.), som var førstemann på toppen, kviler velfortjent ut. Jan Tore Tveit tok tida på deltakarane.
Frode Måkestad i godt driv på veg oppover. Han kom i mål på tida 42.49.
Synneva Laupsa Mo (8 år) var den yngste deltakaren som kom i mål på toppen av Torefjell.
Jarand Valland Tveit kom i mål på tida 41.13.

Resultater Torefjell Opp, onsdag 19. juni 2019

Dugnad på sykkelrittet «Bergen-Voss»

Laurdag 1. juni 2019 vart årets sykkelritt «Bergen-Voss» gjennomført. Også i år stilte Kvam langrenn- og skiskyttarklubb (Kvam LSK) opp for å ha ansvar for matstasjonen på haldeplassen i Norheimsund. Dette er ei god inntektskjelde for klubben.

Sykkelrittet hadde i år ca 1700 påmeldte, men kun 1050 deltakarar stilte på startstreken. Dårleg vær kan nok ha mykje av skulda. Likevel var det jevnt og trutt med deltakarar innom matstasjonen. Dei fyrste kom ca kl. 09.30, mens storinnrykket var mellom kl. 10.30 og 11.30. Kl. 13.00 var sistemann innom og fekk seg ein matbit på vegen mot Voss.

Kvam LSK hadde 50 dugnadsarbeidarar i sving denne helga. Oppgåvene starta allereie i forkant av dugnaden. Detaljar skulle planleggjast saman med Bergen cykleklubb. Det vart sendt ut dugnadslister, telt vart rigga opp og det elektriske anlegget vart montert.

På laurdagen var det vaffelsteiking, påsmørjing av skjever, kaffikoking og blanding av sportdrikkevatn. Alt dette vart delt ut til fornøyde sykkelryttarar. I tillegg vart alt rigga ned då arrangementet var over.

Det kan nevnast at det blant anna vart delt ut ca 400 liter varm saft, og 1600 vafler vart steikt.

Kvam LSK ynskjer å takka alle som velvillig stilte opp denne helga for å få gjennomført dugnaden!

Torgrim Skår (t.v.), Jan Tore Tveit og Frode Måkestad var blant mange som stilte velvillig opp for å få gjennomført dugnaden