Løypepreparering i april!

I april vert lysløypa og Kjosåsløypa preparert ettermiddager til skitreningar tysdagar og torsdagar. Dersom vêret er bra vil heile løypenettet verta preparert til helgar også. Me held oss til denne planen ut april om det er nok snø!

Kvammameisterskap i klassisk!

Kvammameistrane i junior- og seniorklassen! Frå venstre: Kristian Botnen, Mirjam Eide Gravdal og Endre Berg Leiren. (Foto: Thor-Arvid Pedersen)

Måndag 19. mars vart siste serierenn i langrenn arrangert på Sjusete i flotte forhold. Rennet vart arrangert i klassisk stil og var også Kvammameisterskap i klassane 13 år og eldre. Les meir