Idrettsskule

Eit heilårleg og variert aktivitetstilbod!

Kvam LSK sin idrettsskule er eit variert aktivitetstilbod kor born får prøva fleire ulike idrettar i fleire miljø, for eksempel i skogen, i sal, på snø, på is eller i vann. Det leggjast vekt på å utvikle ein god grunnmotorikk gjennom leik og aktivitetar tilpassa bornas utviklingsnivå.

Kvam LSK har hovudansvar for alle aktivitetane, men fleire av aktivitetane vert gjennomført som eit samarbeid med andre idrettslag/aktivitetsmiljø i Kvam.

Idrettsskulen er:
– open for alle born i alderen 7-12 år
– forankra i idrettslagets styre og følgjer idrettens barnerettigheter med utviklingsplan og bestemmelser om barneidrett
– eit heilårleg tilbod som skal gi eit variert opplæringstilbod, i ulike miljø, kor aktivitetane følgjer årstidene.
– delt opp i ulike aldersgrupper med kvar sin årsplan som viser aktiviteter veke for veke
– leia av aktivitetsleiarar som eit minimum har aktivitetsleiarkurs i barneidrett eller tilsvarande
– eit lågterskeltilbod der klubben held/leiger spesialutstyr som rulleski, skiskyttarvåpen, klatreutstyr med meir

Påmelding, pris og anna informasjon
Ta kontakt på e-post: kvamlsk@hotmail.com

Om du ynskjer å melda på: Skriv fullt namn, fødselsdato, namn på foreldre, e-post og mobil på føresette. Om ein ynskjer familiemedlemsskap må du skrive namn og fødselsdato for alle som medlemsskapet skal gjelde for.