Prøva skiskyting?

Velkomen til å prøva skiskyting hjå Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb (LSK)

20150906_093705Per i dag er det om lag 15 aktive utøvarar i alderen 9 til 26 år som er med på skiskyting i Kvam LSK, og det er rom for fleire å bli med! Kvam LSK sin skiskyttarstadion ligg på Sjusete skisenter om lag 10 min køyring frå Norheimsund og Øystese. I hovudperioden som strekkjer seg frå haustferien til påske, leggjast det til rette med 1-2 treningar per veke. På treningane er det fokus på leikbaserte treningsaktivitetar og sosialt samvær. Me har også moglegheit til å leggja til rette for born og unge med nedsett funksjonsevne. Det er moglegheit for å delta på lokale serierenn på Sjusete og andre skiskyttarkonkurransar Hordaland for utøvarar som ynskjer det. Under kan de lesa meir om kva denne idrotten går ut på, og kva som krevjast for å verta med.

Kva er skiskyting?

Skiskyting er ein kombinasjonsidrett – på engelsk kalla «biathlon» – kor langrenn og skyting kombinerast. Kvar for seg stillar desse to idrottane store og svært ulike krav til utøvaren. Det er vel nettopp dette som gjer idrotten så utfordrande og spanande både for utøveren og publikum. Skiskyttarar går berre konkurransar i friteknikk, det vil seie at ein vel å skøyte eller gå klassisk, men de fleste skøyter. Våpenet som vert nytta i skiskyting er kaliber.22.img_2161.jpg

Kven kan byrja med skiskyting?

Noregs Skiskyttarforbund anbefaler å byrja med skiskyting tidligast når du er blitt 10 år gammal (det anmodast til å byrja med langrennstrening før det). I Kvam LSK er det mange som er yngre enn 10 år når de starter med skiskyting, men me anmodar alle skiskyttarar til å vera med på skitreningane i både klassisk og skøyting!

Gjennom skiskyttarskulen vil du og dine føresett(e) få den naudsynte informasjon og rettleiing som skal til for at du skal få glede og utbyte av å drive med skiskyting. Grunnlaget for å utvikla deg vidare som skiskyttar vil verta lagt – og ein dag er du kanskje deltakar i Noregsmeisterskapet i skiskyting.

I Kvam LSK har vi skiskyttarskule kvar haust, den kunngjerast på denne heimesida, på vår facebookside og i vår lokalavis.

På grunn av at me bruker våpen, skal det vera med ein føresett som bærer våpenet for utøvaren.

Skiskyttarskule 2017!

Kva treng du av utstyr?

For å trene skiskyting treng du eit par ski, skisko og stavar. Treningstøy til kalde vinterdagar er også lurt. Når det ikkje er snø, nyttar born og tidlig ungdom joggesko. Mange klubber låner ut skiskyttarvåpen til nye utøvarar, det har me i Kvam LSK også. Se avsnitt under for meir informasjon om skiskyttarvåpen.

Skiskyttarvåpen

Reglene seier at berre personar over 18 år kan erverve seg våpen dersom dei kan dokumentere behov for dette.
Unntak kan gjerast for personer over 16 år som har vore medlem av skyttarlag/skiskyttarlag i minst 6 månader eller har mottatt opplæring i sikker bruk og behandling av våpen.

Når brukar av eit våpen er mellom 12 og 16 år kan føresette få tillating til å kjøpe våpen.

Når bruker er under 12 år vil føresette ikkje få tillating til å kjøpe våpen.

Myndigheitene vil at det er klubbane som skal eige våpen som nyttast av alle under 12 år. Klubben kan låne/ leige ut våpen ved ein utlånskontrakt.

Meir info om sikkerhet og våpen

14379680_692768430876315_5391793132426887786_o

For spørsmål, kontakt:

Silje Laupsa Mo (Ansvarleg sport skiskyting)  – slaupsa@hotmail.com – 959 09 047

Thor-Arvid Hagen Pedersen (Leiar Kvam LSK)– toffis@icloud.com – 932 04 417