Parkering

Det har no vore eit par søndagar med fint vær og full parkeringsplass.  Me vil framover satsa på å ha parkeringsvakter på slike søndagar, for å sikra best mulig utnytting av plassen.  Det er dessutan gjort avtale med Håvar Vik og Per Ove Sæleset om parkering hos dei, på samme vilkår som på parkeringsplassen vår, dersom det er fullt hos oss.

I høve 15 års jubileet til GBS, har Sjusete skisenter fått ei jubileumsgåve på 20000.  Me vil vurdera å bruka den flotte gåva frå GBS til å betra parkeringstilhøva.

28.01.2012: NM og NC i skiskyting

På søndagens NM Mix stafett i NM klasse 17 år til senior gjekk Erling ankeretappen på Hordalands 1 lag. Han gjekk laget opp fra 3. til 1 plass på sin etappe. 1 etappe gjekk Jori Mørkve frå Eldar og 2 etappe Asbjørn Wold frå Vik.
Lørdag vant Erling fellesstarten i klassen junior 20/21 år og vart dermed norgesmester. På sprinten lørdag gjekk han inn til ein 4.plass. Me gratulerar så mykje.
Bjørg Marit vart nr 13 fredag og nr 9 på lørdag i seniorklassen.

Live resultat NM Mixstafett, Søndag
Resultat lørdag NC sprint
Resultat fredag NM fellesstart