Renn

OLYMPUS DIGITAL CAMERADet å gå renn er ein naturleg del av treningstilbodet på lik linje som det er for fotballspelarar å spele kampar i fotball.

Lisens – frå den dagen du fyller 13 år, må du løysa lisens for å kunne delta på skirenn. Du kan velje mellom engongslisens eller årslisens Skal du konkurrere i fleire skirenn, er det enklare og rimelegare å løyse årslisens. For å kunne kjøpe årslisens må du vere medlem i ein klubb. Kontakt styret om du har spørsmål eller gå inn på www.skilisens.no for meir info.

Me legg opp til tre typer renn:
  1. Serierenn – ei rad med klubbrenn på Sjusete for alle medlemmer – born og vaksne i alle aldrar. Renna høver for alle som synast det er morosamt å gå på ski – både for dei ivrigaste og dei som er mindre oppteken av kor fort det går. Ingen rangering av løparar under klasse 11 år. Premiering skjer med bakgrunn i tal på fullførte renn. Rangering av løparar frå klasse 11 år og opp etter poeng frå dei 3 beste renna. Premiering etter siste rennet.
  2. Krinsrenn – Krinsen arrangerer renn rundt omkring i heile Hordaland. Me peiker kvar sesong ut  nokre renn der me ynskjer at flest mogelege deltar. Då har me eit felles opplegg for reise og på arena. Klubben arrangerer både krinsrenn i langrenn og skiskyting kvart år.
  3. Norgescup – for dei som satsar nasjonalt
Terminliste for krinsrenn finn du her: