Kvammasprinten

Kvammasprinten er eit krinsrenn i sprintlangrenn med løypelengder frå 700 m til 1,5 km. Denne sesongen arrangerast rennet 17. februar kl.12:00 på Sjusete skisenter.

Klassar og løypelenger: Alder Distanse
8 – 10 år (berre prolog) 700 meter
11 – 12 og 13 – 14 år 1000 meter
15 – 16 år, junior og senior 1500 meter

Finaleprogram etter Meråkermodellen:

Klassane 11 – 14 år:

Klassar med lik løypelengd vert slått saman etter prologtid, og deretter arrangert A-B-C-D (osb ) – finalar. Resultatlister vert rangert klassevis etter kor langt deltakarane har nådd i finaleheata. Berre eitt finaleheat vert gått for deltakarane i desse klassane etter prolog.

Frå og med klasse jenter / gutar 15 år:

Prologane går klassevis. Klassane vert deretter slått saman, og finaleheat vert sett opp etter tid i prolog uavhengig av klasse/kjønn.

Det vert kjørt to rundar med heat à fire til seks startande. Vinnar rykkjer opp eit nivå, medan siste rykkjer ned. Etter siste finalerunde vert løparane sortert tilbake til dei opprinnelege klassane, og rangert etter kor høgt nivå deltakarane har nådd i finalerundane.

Klassane 8-10 år går berre prolog og vert ikkje rangert!

Rennkontor:
I skistova på arena frå kl 10.30 renndagen.

Program:
Prologane går klassevis med 15 sek. intervallar. Deretter klassevise heat basert på tid i prolog.

Startnummer:
Hentast samla for kvar klubb på rennkontoret. Manglande innlevert startnummer vert fakturert klubben med kr. 300,-

Startkontingent:
I henhald til satsar vedtatt av Skiforbundet. Sjå tabell.

Startlisens:
Lagleiarane er ansvarleg for at påmeldte deltakarar har gyldig lisens. Det er mogeleg å løysa eingongslisens på rennkontor.

Premiering:
Premiering på arena fortløpande etter protestfrist er utløpt.

Resultatlister: 
Førebelse resultatlister heng me opp på resultattavla når dei er klare. Endelege resultatlister legg me ut på www.sjusete.com etter rennet

Kafè:
Skistova på Sjusete. Betaling kan gjerast kontant, med kort og VIPPS!

Garderobar:
Skistova på Sjusete

Parkering:
Parkeringsavgift er kr 75,- pr dag. Merk; Parkeringsautomat sett opp ved innkjøring til parkering.