Serierenn langrenn 2019

Måndag 22. januar startar serierenna i langrenn opp på Sjusete skisenter. Rennstart er kl.1815! Fyrste renn er i fristil frå og med, mens 10 år yngre går langrennsscross med ymse hinder og utfordringar.

Datoar for dei 5 serierenna er:

  • 21/1 – Distanserenn klassisk stil
  • 11/2 – Distanserenn fristil
  • 4/3 – Distanserenn fristil
  • 18/3 – Distanserenn klassisk stil
  • 1/4 – Distanserenn og Kvammameisterskap i fristil

Dei som er 10 år (2009) og yngre har fri stilart i alle renna! Aldersklassar er delt inn etter kva alder når i løpet av 2019. Løypelengder er 1 km (10 år og yngre), 2 km (11-12 år og vaksen open klasse), 3 km (13-14 år) og 5 km (15 år til og med senior). Pris for alle

Me ynskjer at flest mogleg melder seg på via minidrett på førehand der ein enkelt kan betala med kort, samt at det då vert mindre press på sekreteriatet sjølve renndagen. Ein meldar seg på til alle 5 renna samtidig gjennom å merka alle renna. Pris for alle serierenn er kr. 250,- mens eit enkeltrenn koster kr. 50,-.

Har du mot formoding ikkje meldt deg på på førehand, så møt opp i sekreteriatet i god tid før rennstart (minst 30-45 min før).

Serierenna i langrenn har ei øving for alle born som vaksen. Me oppfordrar ekstra at dei vaksne vert med enten i open klasse (1,8 eller 5 km utan rangering) eller konkurranseklasse 5 km, og viser borna at dette berre er gøy

Vel møtt!