Parkeringsansvarleg, Sjusete Skisenter
Arbeidsoppgåver:
Krevja inn parkeringsavgift, kr.50- pr. bil.
Plassera bilane best mogeleg.
Andre praktiske opplysningar
Nøkkel til kafeen, skal hentast på Essoen i Norheimsund eller Statoil i Øystese og leverast vidare til kaféansvarleg når desse kjem på ”vakt”. Personen med utheva skrift hentar nøklen.
Vekslepengar må du ta med sjølv. Pengeveske finn du i blå balje på hylla over vasken i kafeen.
Refleksvestar finn du i blå balje på hylla over vasken i kafeen.
Parkeringskort finn du på same plass.
Oppgjersskjema fyller du ut i kafeen og leverar pengane der.
Alarm ; Dersom du er første mann, må du låsa deg inn i sekreteriatrommet. Det er døra ved sida av kafeen. Der finn ein styringsskapet for alarmen. Set i nøklen og vri frå ”on til off”. Motsatt når du låser. Alarmen vil då pipe i ca 3 min.
Håpar du ser positivt på denne ”dugnaden” og møter med godt humør! Skulle du av ulike årsaker ikkje kunna møta den dagen du er oppsett, må du prøva å finna nokon i plassen din eller byta med nokon andre på lista. Skulle det verta dårleg ver eller snøen uteblir kan du i samråd med kontaktperson vurdera om det er nødvendig å møta.
Lukka til og på førehand –takk for innsatsen!
Med helsing Sjusete Skisenter
Ved spørsmål ring Håvar Vik Tlf. 90704670