Løype- og parkeringskort

Løype- og parkeringskort 2016/2017

Prisane for løype- og parkeringskort for komande sesong er:

  • Heilårskort       kr. 1.000,- (tidsrom 1.11 – 31.10)
  • Dagskort          kr.     75,-  (tidsrom 1.11 – 30.04)
  • Dagskort          kr.     40,-  (tidsrom 1.5 – 31.10)

Det er Sjusete Skisenter og Kvam LSK som har opparbeid, utvikla og driftar parkeringsplassen og løypenettet inklusiv den nye rulleskiløypa og 3 km tur-/joggeløypa. Me jobbar dugnad for å dekkja utgiftane til drift og til aktivitet, men er heilt avhengig av inntekter frå sal av løype- og parkeringskort for å oppretthalde tilbodet. Difor vonar me om at alle har ei positiv haldning til avgifta – sommar som vinter

NB! Betalingsautomat installert ved starten av P-plassen

No kan du betale med kort og kjøpe løype- og parkeringskort i automaten som er plassert med ein gong du kjem inn på parkeringa på Sjusete.

Løype- og parkeringskorta kan hentast på Mo Sport, Kvam Elektro eller i kafèen i Skistova i opningstida. Hugs å ta med kvittering frå automat når kortet skal hentast. Årskort eller kvittering for dagskort leggast synleg i frontruta på bilen for kontroll.

Det er ôg mogeleg å kjøpe årskort kontant på Mo Sport, Kvam Elektro eller i kafèen i Skistova.