Treningsprogram Skiskyting

Forslag til disponering av trening

Utøvarane startar med å gå litt på ski for å varma opp.
10 min innskyting.
- 2 seriar, med liten runde mellom
- Gå fram og sjå på skivene. Lappa
- Skru
- Ny serie. Ser i kikkert, eventuelt skrur.
5 min gjennomgang av tema for treing
30 min øvelsar knytta til tema
15 min kombinasjon/ stafett / fritt.

Tema for sesong 2012

Veke 1-2: Fasit (gjeld berre utøvarar frå 13år og oppover)
Fasit= For ikkje å komplisera skytinga og ha for mange ting å tenkja på når ein kjem inn på standplass, vel ein å fokusera på det område av skytinga der ein har mest å henta.  Dersom ein t.d. har dårlige avtrekk, vel ein det som Fasit. Vidare seier ein til seg sjølv at dersom ein utfører Fasiten bra så treff ein blink. Dette gjer tryggleik i konkuranse situasjonen.
Øvelsar:
Finna Fasit, testa ut fasit med kombinasjonstrening på nedfallsblink. Dersom ein ikkje treff blink, vurdera om ein skal byta Fasit.

Veke 3-5: Liggjestilling
Viktig å liggja heilt avslappa som ein “saccosekk” når børsa peikar mot blinken.
Sjå bl.a på vinkel=90 i venstre alboge, høgre fot i linje med løpsretning.
Standplassdrill, raskt i stilling.
Øvelsar:
Skyta seriar der ein reiser seg opp mellom kvart skot. Finna same stilling kvar gong.
Skyta på kvitt ark, der målet er å ha ein så god liggjestilling at løpet peikar på same plass på den kvite arket for kvart skot. Ingen sikting. Gå fram å sjå på samling etter serie.
Skyta serie på tid. Fyrste skot etter 18s, ferdig etter 30s. Trenaren tel ned 3s før.

Veke 6-8: Siktebilde og Pusting.
Sjå på korrekt siktebilde.
Øvelsar

Veke 9-11: Avtrekk
Finna trykkpunkt.
Øvelsar
Avtrekk:
Få utøvarane til å trykke så langt dei torer (+ litt til)1.Finne blinken
2. Blinde att augene
3. Holde-presse-holde-presse….  skotet/klikket går av.
4. Åpne augene og sjå om siktebilde fortsatt er i blinken.

 

Veke 12-13: Skyting på vind
Gå gjennom kor mange knep dei forskellige vinklane på vimpel betyr.
Snakka om å “holda” på vind.
Øvelsar:
Alle vert skrudd t.d 3 knepp til vestre og skal forleggja siktepunktet tilsvarande.

Sjå og desse linkane:
www.skiskyting.no – skyteteknikk Bø SSL